Det er pinleg å høyra Djupedals statssekretær Lisbeth Rugtvedt forsvara innsatsen til departementet i saka om nynorske læremiddel. Det er pinleg fordi departementet gjer absolutt ingen ting, og står og ser på at nynorske elevar systematisk vert diskriminert i skulen.

På 1970-talet fekk Norsk Målungdom og mållaget gjennom fleire års protestar vedteke ei lov som står fast at læremiddel som skal brukast i den norske skulen, skal liggja føre til same tid og pris på båe målføre. Kvar gong det kjem nye reformer og bøker i skulen, vert lova broten. Det er ikkje akseptabelt.

I Her og Nå (NRK) i dag var statssekretær Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet innkalla for å svara for kva departementet har gjort. Svaret er ingen ting. Rugtvedt og Djupedal skyv ansvaret nedover i systemet, og viser til at det er fylkeskommunane som skal sikra at det ikkje vert tatt i bruk bøker som ikkje finst på begge målføre.

Teknisk sett har departementet her rett. Men årsaka til at det alltid er problem med dei nynorske lærebøkene, finn ein jamvel i departementet. For det fyrste har Djupedal (og Clemet) lagt opp til ei særs hastig innføring av Kunnskapsløftet. Det tyder at tida mellom der læreplanen i faget er ferdig, og der læreboka skal vera klar til bruk i skulen, er kort. Og då er det nynorskutgåva som vert nedprioritert. Tempoet i innføringa er ikkje akseptabel for å sikra at alle omsyn vert ivaretekne i prosessen, og burde vore lågare.

For det andre burde departementet, gjennom Utdanningsdirektoratet, instruert Fylkesmannen i kvart fylke til å påtala og straffa skular som tek i bruk læremiddel som ikkje oppfyller lovkrava. Om Djupedal og departementet hadde tatt nynorskelevane alvorleg, hadde dei brukt langt kraftigare straff for lovbrytarane, og brukt langt meir tid på å pressa forlaga som ikkje klarer å levera til rett tid.

Streiken til Norsk Målungdom er ein streik i rett tid og med sjølvsagte krav. Vi stør difor streiken, og krev at forlaga, departementet og fylkeskommunane respekterer lova og gjev nynorskelevane læremiddel på deira eiga skriftmål.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende